![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d9/Coat_of_arms_of_the_Soviet_Union_%25281956%25E2%2580%25931991%2529.svg/langnn-640px-Coat_of_arms_of_the_Soviet_Union_%25281956%25E2%2580%25931991%2529.svg.png&w=640&q=50)
Det sovjetiske riksvåpenet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det sovjetiske riksvåpenet er eit merke som blei brukt som riksvåpen i Sovjetunionen frå 1923 og med mindre variasjonar fram til unionen braut saman i 1991. Det var eit førebilde for mange andre sosialistiske symbol.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d9/Coat_of_arms_of_the_Soviet_Union_%281956%E2%80%931991%29.svg/320px-Coat_of_arms_of_the_Soviet_Union_%281956%E2%80%931991%29.svg.png)
Skissa til riksvåpenet blei vedteken i det øvste sovjetet 6. juli 1923, og innlemma i grunnloven av 1924. Der heitte det:
- «Sovjetunionen sitt statsemblem framstiller ei sigd og ein hammar på ein jordklode innhylla i solstråler og innramma av kornaks, med inskripsjonen «Arbeidarar i alle land, samein dykk!» på seks språk: russisk, ukrainsk, kviterussisk, georgisk, armensk, og tatartyrkisk. Øvst i emblemet er det ei femtakka stjerne.»
Då ein ny grunnlov blei vedteken i 1936 var unionen blitt utvida til elleve statar. Våpenet fekk då elleve band, med innskrifter på dei opphavlege seks språka pluss aserbajdsjansk, usbekisk, tadsjikisk, kasakhisk og kirgisisk. I 1940 gjekk talet på statar opp til 16, og i 1946 fekk riksvåpenet ei ny utforming som reflekterte dette då fem nye bånd med estisk, latvisk, litauisk, moldovsk og finsk blei lagt til. Det sekstande bandet med finsk tekst blei fjerna igjen i 1956 då Karelsk-finske SSR blei gjeninnlemma i russisk SSR.