baltisk språk From Wikipedia, the free encyclopedia
Latvisk er eit baltisk språk, i lag med litauisk og det utdøydde gammalprøyssisk. Det blir tala hovudsakleg i Latvia, av om lag 1,5 millionar menneske.
I strukturen er det meir moderne enn litauisk, og har òg fleire låneord, frå tysk, svensk, russisk og engelsk. Det blir skrive med latinsk skrift, med somme diakritiske teikn. Det har ikkje artiklar.
Hovudartikkel: Latvisk morfologi
Latvisk har sju kasus, nominativ, genitiv, dativ, akkusativ, instrumentalis, lokativ og vokativ.
Adjektiva kongruerer med substantiva i kasus og numerus.
Latvisk blir skrive med det latinske alfabetet, med visse tilleggsbokstavar, og inneheld til saman 33 bokstavar.
A a | E e | I i | Ļ ļ | R r | V v |
Ā ā | Ē ē | Ī ī | M m | S s | Z z |
B b | F f | J j | N n | Š š | Ž ž |
C c | G g | K k | Ņ ņ | T t | |
Č č | Ģ ģ | Ķ ķ | O o | U u | |
D d | H h | L l | P p | Ū ū |
Latvisk skil mellom korte og lange vokalar.Bokstaven h førekjem i latviske ord berre i framlyd. Eit karakteristisk trekk ved latvisk, som det deler med litauisk og russisk, er at dei transkriberer framandord etter uttalen. «George Bush» blir t.d. referert til som Džordžs Bušs på latvisk.
Det er mykje strid i det sjølvstendige Latvia om statusen til russisk språk og brukarane av dette. Ein relativt stor del av folkesetnaden er russisktalande, og ein god del av desse finn det vanskeleg å lære seg latvisk, noko som har vorte ein føresetnad for å få statsborgarskap og fulle rettar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.