Moldovsk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Moldovsk er namnet på det offisielle språket i Moldova. Lingvistisk sett er språket ein dialekt av rumensk, men den moldovske grunnlova av 1994 slår likevel fast at namnet på språket er moldovsk. I den moldovske sjølvstendeerklæringa frå august 1991, vart språket referert til som rumensk. I nyare tid har ein forsøkt å få språknamnet offisielt endra til rumensk fleire gonger, men så langt har ikkje dette ført fram.
Moldovsk limba moldoveneasca eller лимба молдовеняскэ | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Italisk Romansk Austromansk Rumensk Moldovsk | |
Talarar | moldovarar | |
Bruk | ||
Tala i | Moldova Transnistria Romania | |
Moldovsktalande i alt | ca. 60 % av innbyggjarane i Moldova og Transnistria | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet og det kyrilliske alfabetet | |
Språkkodar | ||
Wikipedia på moldovsk |
I 2004 rekna 60 % av innbyggjarane i Moldova at språket dei snakka, var moldovsk. Språket har fått tildelt eigne iso-kodar, men desse vart tekne bort att i 2002 og erstatta med dei rumenske kodane. Den dialekta som ein snakkar i dei nordaustlege delane av Romania blir også referert til som moldovsk. I tillegg er moldovsk eitt av tre offisielle språk som blir brukt i utbrytarrepublikken Transnistria, på lik linje med russisk og ukrainsk.
Grammatisk sett er det få eller ingen skilnader mellom moldovsk og rumensk. Skilnadene mellom dei to språka ligg hovudsakleg i ordforrådet og i uttalen. Etter å ha lege under Russland og Sovjetunionen, har Moldova fleire russiske låneord enn rumensk har.