planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Vintereik (Quercus petraea) er eit tre i eikeslekta. Det er ein av to artar av eik som veks vilt i Noreg.
Vintereik | |
Vintereik | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av vintereik | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Fagaceae |
Slekt: | Eikeslekta Quercus |
Art: | Vintereik Q. petraea |
Vitskapleg namn | |
Quercus petraea Liebl., 1784 |
I Noreg veks artane sommareik og vintereik vilt. Vintereika har det meste av visne lauvet hengande på over vinteren, til forskjell frå sommereika, som feller det meste av lauvet om hausten. Sommareika har svært kort bladstilk, men lang nøttestilk. Vintereik er motsett med lang bladstilk, men kort nøttestilk.
Treet dannar ofte hybridar med sommereik og får då latinsk nemning «Quercus × rosacea». Utsjånaden blir ein mellomting mellom dei to artane.
Blada er 7–14 cm lange og 4–8 cm breie. Dei er avlangt pæreforma med 5–6 flikar på kvar side. Oversida er blank mørkegrøn og lêraktig, undersida er mattere og ljosare.
Nøttene er ovale med ei lengd på 2–3 cm og ei breidd på 1–2 cm Dei er først grøne, men mognast til brune etter ca 6 mnd.
Vintereik er utbreidd over det meste av Europa, frå atlanterhavskysten til europeiske Russland og frå Middelhavet til det sørlege Noreg. Treet er nasjonaltre i Wales.
Vintereika veks i tørr skog, i Noreg mest nær kysten lengst sør i landet, frå Halden kommune til Sula kommune, i innlandet nord til i Notodden kommune.
Trevirket (alen) er hardt og varig, og er ettertrakta for bruk i møbel og til tønner. Tidlegare var det svært ettertrakta som skipstømmer. Det har òg høg brennverdi.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.