Vilhelm av Tyrus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vilhelm av Tyrus (ca. 1130–29. september 1186) var ein historikar, krønikeskrivar og biskop fødd i kongedømet Jerusalem. Han var kanslar for Balduin IV av Jerusalem og erkebiskop av Tyrus. Vilhelm av Tyrus skreiv om dei første krosstoga og om soga til kongedømet Jeursalem i krøniken Historia rerum in partibus transmarinis gestarum («Soga om gjerningar utført over havet») eller Historia Ierosolimitana («Soga åt Jerusalem»). Verket er ei viktig kjelde til informasjon om krossfarartida, og Vilhelm av Tyrus blir rekna som ein av dei fremste historikarane i mellomalderen.[1]
Kjappe fakta
Vilhelm av Tyrus | |
![]() Skildring av Vilhelm som skriv historieverket sitt i ei fransk omsetjing av Historia Ierosolimitana frå det 13. hundreåret | |
Alias | Willelmus Tyrensis (latin) |
Statsborgarskap | Frankrike, Kongedømet Jerusalem |
Fødd | ca. 1130 Jerusalem |
Død |
1186 |
Yrke | biskop, kanslar og historikar |
Tema | Soga åt kongedømet Jerusalem |
Periode | mellomalderen |
Sjanger | krønike |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Vilhelm av Tyrus på Commons |
Lukk