Krosstog
From Wikipedia, the free encyclopedia
Krosstoga eller krossferdene er historisk ein serie felttog av religiøs karakter som fann stad frå 1095 til 1291, dei fleste godkjende av paven for den romersk-katolske kyrkja. Det opphavlege målet var å tryggja kristen kontroll over Det heilage landet og Jerusalem, som var under muslimsk kontroll, etter at Austromarriket bad om hjelp til å stoppe den aukande makta til seljukane i Anatolia. Krosstoga medførte store overgrep mot sivile - mot jødar, muslimar og jamvel ortodokse kristne.
Folkekrosstoget · Første · Andre · Tredje · Liviske · Tyske · Fjerde · Albigenesiske · Barnekrosstoget · Femte · Prøyssiske · Sjette · Sjuande · Gjetarkrosstoget · Åttande · Niande · Aragonesiske · Alexandria · Nikopolis · Nordlege · Hussitiske · Varna · Otranto · Dei osmansk-ungarske krigane · Osman-Habsburg · Lepanto · Wien |
Ordet krosstog vert i dag òg ofte nytta om alle krigar som vert utkjempa av religiøse årsaker eller der motsetnadene fell saman med religiøse skiljeliner, spesielt om aggressive kristne kampanjar kring særskilde tema (krosstog mot umoral), og stigmatiserande som karakteristikk særleg av det sterke kristne engasjementet i samfunnsspørsmål. På engelsk, særleg amerikansk engelsk, nyttar ein ordet (crusade) om nær sagt alle kampanjar (til dømes mot narkotika).
Krosstoga hadde store politiske, økonomiske og samfunnsmessige innverknader, og nokre av dei har varte inn i vår tid. Som følgje av indre stridar mellom dei kristne kongedøma og politiske stormaktene gjekk nokre av krosstoga bort frå dei opphavlege måla, slik som det fjerde krosstoget, som førte til plyndringa av den kristne Konstantinopel og oppdelinga av Austromarriket mellom Republikken Venezia og krossfararane. Det sjette krosstoget var det første krosstoget utan offisiell velsigning frå paven og gjorde at andre herskarar enn paven kunne sette i gang eit krosstog.