Video Games av Lana Del Rey
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Video Games» er debutsingelen til den amerikanske songaren Lana Del Rey. Han er ein kammerpop-ballade med element av indiepop og triphop og vart produsert av Robopop. Teksten og musikken er skriven av Del Rey og Justin Parker. Han vart først gjeven ut på Internett den 29. juni 2011 og vart seinare gjeven ut på EPen Lana Del Rey, før han kom ut som første singelen frå studioalbumet Born to Die den 10. oktober 2011, på Interscope Records. Songen fekk stort sett gode meldingar frå kritikarane, som hylla den unike stemma hennar.
Video Games Singel av Lana Del Rey frå albumet Born to Die | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. oktober 2011 | |
Sjanger | Barokk pop, indiepop | |
Lengd | 4:42 | |
Selskap | Polydor, Interscope | |
Komponist | Lana Del Rey, Justin Parker | |
Tekstforfattar | Lana Del Rey, Justin Parker | |
Låtskrivar(ar) | Elizabeth Grant, Justin Parker | |
Produsent | Robopop | |
Lana Del Rey-kronologi | ||
Video Games | «Born to Die» (2011)
|
«Video Games» selde særs godt og nådde førsteplassen i Tyskland og Topp 10 på singellistene i Austerrike, Belgia, Tsjekkia, Nederland, Frankrike, Irland, Polen, Skottland, Sveits og Storbritannia. Musikkvideoen til songen vart regissert og klypt av Del Rey sjølv der ho syng songen filma med eit webkamera blanda med arkivklipp.
Singelen selde til platinaplate i minst ni land og vann ein Ivor Novello-pris for «Best Contemporary Song» i 2012 i tillegg til at han vart nominert til fleire andre prisar.