Blue Jeans av Lana Del Rey
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Blue Jeans» er ein song av den amerikanske songaren og låtskrivaren Lana Del Rey, gjeven ut på det andre studioalbumet hans Born to Die (2012). Songen var den tredje singelen frå albumet og kom ut 8. april 2012 på Interscope Records, og kom òg med på EPen Lana Del Rey (2011). Songen er produsert av Emile Haynie og vart skriven av Del Rey, Haynie og Dan Heath. «Blue Jeans» er ein neddempa popballade med element av alternativ hiphop. Songen vart nytta i fjernsynsserien Ringer, i lag med «Video Games», og dette var med på å kaste Rey fram i lyset. Ein heller dårleg framføring av songen på Saturday Night Live gjorde at Del Rey fekk mykje kritikk. Singelen selde derimot bra i Europa og Asia og nådde Topp 10 i Belgia, Polen og Israel. Det vart laga to musikkvideoar til songen. Den første laga Del Rey sjølv, medan den andre vart regissert av Yoann Lemoine med element av film noir og ein krokodille. I videoen vert den fiktive kjærasten til Del Rey spelt av Bradley Soileau, ektemannen til popsongaren Porcelain Black.[1][2]
Blue Jeans Singel av Lana Del Rey frå albumet Born to Die | ||
A-side | ||
---|---|---|
B-side |
«Carmen» | |
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. april 2012 | |
Innspelt | 2011-12 | |
Sjanger | Barokk pop, indiepop, alternativ hip hop | |
Lengd | 3:30 | |
Selskap | Interscope, Polydor, Stranger | |
Komponist | Lana Del Rey, Emile Haynie, Daniel Law Heath | |
Tekstforfattar | Emile Haynie, Lana Del Rey, Daniel Law Heath | |
Låtskrivar(ar) | Lana Del Rey, Emile Haynie, Dan Heath | |
Produsent | Emile Haynie | |
Lana Del Rey-kronologi | ||
«Born to Die» (2011) |
Blue Jeans | «Summertime Sadness» (2012)
|
«Blue Jeans» fekk positive meldingar frå kritikarane.