Songen Born to Die
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Born to Die» er ein song av den amerikanske songaren Lana Del Rey frå det andre studioalbumet hennar, med same namn. Songen vart gjeven ut son den andre singelen hennar den 30. desember 2011 på Interscope Records. Songen vart skriven av Del Rey og Justin Parker, og produsert av Emile Haynie. Musikalsk er «Born to Die» ein neddempa ballade medan teksten handlar om eit forhold som er dømd til å mislukkast. Kritikarane merka seg at den apokalyptiske teksten og strykarane minna om komposisjonane til John Barry. Han fekk middels til gode meldingar av kritikarane, som meinte han var like stemningsskapande, men likevel lik, den førre singelen til Del Rey, «Video Games». I Storbritannia vart «Born to Die» den andre singelen til Del Rey på Topp 10 og nådde 9. plass den 4. februar 2012.
Born to Die Singel av Lana Del Rey frå albumet Born to Die | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. desember 2011 | |
Sjanger | Triphop, kammerpop, indiepop, sadcore | |
Lengd | 4:46 | |
Selskap | Stranger, Interscope, Polydor | |
Tekstforfattar | Lana Del Rey | |
Låtskrivar(ar) | Elizabeth Grant, Justin Parker | |
---|---|---|
Produsent | Justin Parker, Emile Haynie | |
Lana Del Rey-kronologi | ||
«Video Games» (2011) |
Born to Die | «Blue Jeans» (2012)
|
Det vart laga musikkvideo til songen, regissert av Yoann Lemoine, som syner Del Rey i eit ustabilt forhold med kjærasten, spelt av modellen Bradley Soileau, der dei er på ein biltur so med at ho vert drepen.