familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Vevarar, Ploceidae, er ein artsrik familie i ordenensporvefuglar, Passeriformes. Familien omfattar ca. 116 artar i 16 slekter. Vevarar har fått namn etter det kunstferdig vove reiret dei byggjer, jamvel om nokre artar er kjente for selektivt parasittiske hekkevanar.
Dei fleste artane lever i skogshabitat, krattskog og ope grasland i Afrika sør for Sahara. Berre nokre få artar lever og hekkar i tropiske område i Asia og dessutan i Australia. Mange artar av vevarar følgjer og lever nær menneske.
Dette er frøetande fuglar med avrunda koniske nebb. Kroppslengda er mellom 8 og 24 centimeter. Hannane av mange artar er fargerike, vanlegvis i raudt eller gult og svart, nokre artar viser variasjon i farge berre i hekkesesongen. Dei er selskapelege fuglar som ofte hekkar koloniar, gjerne nær vassførekomstar. Fuglane byggjer reiret saman for vern, ofte fleire i ei grein. Vanlegvis er det hannfuglane som vev reiret og brukar det for å imponere potensielle makar.
Reira varierer i storleik, form, i materialar som blir brukte, og byggeteknikkar varierer frå art til art. Materialar som blir brukte for å byggje reir inkluderer fine bladfibrar, gras og kvistar. Mange artar vev særs fint med tynne trådar av blad fiber, sjølv om nokre, som bøffelvevarar, formar koloniar av massive, uryddige reir laga av trepinnar. Slike konstruksjonar kan ha sfærisk vove reir innanfor den ytre veggen. Dei afrikanske vevarartane i Plocepasser byggjer «blokkhusvære», der kvart av 100-300 par har sitt separate kolbeforma kammer med inngang frå undersida. Dei fleste artene vev reir med tronge, nedovervendte inngangar. Somme vevarartar kan ha dei mest forseggjorte av alle fuglereir.
Vevarar kan gjere skade på avlingar, spesielt blodnebbvevar som har vore rekna å vere kanskje verdas mest talrike fugleart.
Vevarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vevarar
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.