Vengespenn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vengespenn er avstanden mellom vengespissane til dyr eller farkostar med venger.[1] Det kan til dømes brukast om fly, fuglar, flaggermus eller flygande insekt.
Vengespennet til fly blir alltid målt i ei rett linje, frå vengespiss til vengespiss, uavhenging av vengeform. Vengespennet på ein fugl målar ein over ryggen til dyret som avstanden mellom dei ytste fjørspissane på vengene.