pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Humleflaggermus (Craseonycteridae) er ein dyrefamilie i flaggermusordenen. Familien omfattar berre éin enkelt art, humleflaggermus (Craseonycteris thonglongyai), som berre er kjend frå Thailand og Myanmar. Ho blir rekna som det minste pattedyret i verda (litt avhengig av kva mål ein bruker).[1] Ho er også flaggermusa med det minste vengespennet.
Humleflaggermus | |
Humleflaggermus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av Humleflaggermus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Flaggermus Chiroptera |
Familie: | Craseonycteridae |
Slekt: | Craseonycteris |
Art: | Humleflaggermus C. thonglongyai |
Vitskapleg namn | |
Craseonycteris thonglongyai Hill, 1974 |
Humleflaggermus er på storleik med ei humle. Kroppslengda er 29-33 mm og vekta rundt 2 g. Flaggermusa har ikkje hale. Snuten er butt og auga små, medan øyra er ganske lange og spisse. Naseopningane er store og tjukke og peikar rett framover, litt griseliknande. Bakbeina er relativt lange. Pelsfargen er grå eller raudbrun over ryggen og kvit-grå på buken. Hannen har ein kjertel under halsen.[1]
Humleflaggermus bur i kalkgrotter, der dei heng høgt under taket. Dei jaktar flygande insekt, ropa er både av høg frekvens og intensitet.[1]
Arten blei oppdaga så seint som i 1973 i Thailand og seinare også i Myanmar. Han er sjeldan og blir trua av avskoging i Thailand.[1] Verdas naturvernunion (IUCN) har klassifisert han som nær truga.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.