Varslar (Lanius excubitor) er ein fugl i varslarfamilien som har utbreiing i Europa untatt Iberia, i vestlege Asia og i Afrika nord for ekvator.

Thumb
Varslaregg
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå varslar i samfunnet.
Kjappe fakta
Varslar
Thumb
Varslar med spidda smågnagar
Foto: Marek Szczepanek
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigThumb
Utbreiinga av varslar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Varslarfamilien Laniidae
Slekt: Lanius
Art: Varslar L. excubitor
Vitskapleg namn
Lanius excubitor
Lukk

Skildring

Ein vaksen varslar er ein middels stor sporvefugl, omtrent like stor som ein stor trast, han måler typisk 24 til 25 centimeter og veg vanlegvis rundt 60 til 70 gram, ekstreme verdiar ligg i området 48 til 81 gram.[1]

Varslarar er overvegande kvite med perlegrå rygg, hette og nakke, ei djup svart maske strekkjer seg frå nebbet gjennom auget til øyredekkarane med ei tynn kvit augebrynstripe over. Stjerten er svart med kvit rand, oversida av vengene svarte med eit breitt, kvitt band. Det er skildra 12 ulike underartar, somme har små fargevariasjonar. Nebbet er stor og nedbøygd på spissen og farga nesten svart, men bleik på basis av dei under kjeven. Beina og føtene er gråsvarte.

Den globale utbreiinga etter justeringa av taksonet i 2018 er Europa, men ikkje Iberia og Irland. I Asia vest for elva Jenisej i Sibir og sør til og med India. Ein utlaupar frå Kasakhstan til sørlege Mongolia og nordlege Kina. Dessutan lever han i Afrika nord for ekvator.

Leveområde i Noreg

Arten hekkar i høgareliggande opne barskogar og myrskogar frå Agder til Finnmark. På Vestlandet frå Stavanger til Stadlandet hekkar fuglen sjeldan. Varslaren er også fåtalig rundt Oslofjorden, og i dei tre nordlegaste fylka hekkar fuglen avgrensa til dei indre traktene. Varslaren hekkar ikkje i tett skog. Sjølv om han aldri er spesielt talrik er han ein karakterfugl i halvopne myrfuruskogar med krokete og spreidde tre. Fuglen hekkar også i reine bjørkeskogar. På Austlandet nyttar fuglen også hogstflater med spredde frøtre som hekkebiotop. Vinterstid nyttar varslaren område som gir rike vilkår for jakt på smågnagarar og småfuglar. Beitemarkar i kulturlandskapet, samt buskland kring våtmarkar og fuktenger er truleg dei beste vinterområda for varslaren i Skandinavia. Den norske hekkebestanden av varslar ligg truleg mellom 5000 og 10000 par. Talet på overvintrande varslarer i Noreg er truleg mindre enn 1000.

Hekking

Varslaren bygg eit høvesvis stort reir av kvistar og strå i ein busk eller eit tre. Reiret vert fora med fine strå og fjør. I mai-juni legg hoa 4-7 egg, som ho for det meste rugar sjølv. Ungane vert mata av begge foreldra, og flyg frå reiret etter 19-20 dagar.

Føde

Varslaren lever som rovfugl og tek byttedyra på marka. Firfisler, smågnagarar og store insekt er viktigaste byttedyra. Fuglen sit oppe i eit tre og speidar etter bytte.

Trekktilhøve

Generelt trekker varslarar til eit belte sør for hekkeområdet, men ikkje alle populasjonar trekker. Varslaren krev snøberre område slik at han har lett tilgang på smågnagarar. I Noreg finst overvintrande varslarar vanleg frå Rogaland til Østfold. Dei fleste varslarane dreg frå landet til vinteren, og ein store del av dei norske fuglane dreg til Storbritannia.

Storleiken på den globale populasjonen er estimert til å ligge i området 5-15 millionar individ og er minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Taksonomi

Taksona innanfor den biologiske slekta Lanius vart kraftig omarbeidd i 2017 og 2018. Resultatet blei at borealvarslar, Lanius borealis, fekk status som ein art frå ca. 2017 med utbreiing i austre delen av Sibir og i Nord-Amerika.[3] Før det var borealvarslar tenkt å vere ein del av taksonet for arten varslar. Frå 2018 blei krattvarslar, Lanius meridionalis, monotypisk, med utbreiing avgrensa til Iberia og sørvestlege Frankrike. Dei tidlegare underartane i taksonet for krattvarslar blei flytta over til varslar, Lanius excubitor.[4]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.