From Wikipedia, the free encyclopedia
Vanda-stasjonen var ein forskingsbase i Antarktis i Victoria Land i Ross Dependency ved breidda av Lake Vanda, der elva Onyx River munnar ut i Wright Valley. Dei fire opphavlege bygningane vart bygd somrane 1967–68 og 1968–69 like før fem mann overvintra her frå januar til 19. oktober 1969. Mannskap overvintra òg ved stasjonen i 1970 og 1974. Om sommaren hadde Vanda-stasjonen full besetning fram til 1991. Forskinga baserte seg hovudsakleg på meteorologi, hydrologi, seismologi, jordstraumar og magnetisme. Stasjonen vart styrt av Department of Scientific and Industrial Research (DSIR) og fekk logistisk støtte av den permanente newzealandske forskingsbasen ved Scott-basen på Ross Island.
Vanda-stasjonen | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 77°31′0″S 161°40′0″E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Vanda-stasjonen 77.516666666667°S 161.66666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Vanda Station | |||
Vanda-stasjonen var kjend for The Royal Lake Vanda Swim Club.[1] Vitjande kunne dyppe seg i det særs salte vatnet i Lake Vanda då isen kring smelta og danna ei «vollgrav», og fekk eit merke frå Royal Lake Vanda Swim Club. For å få merke måtte ein gjerde det naken, heile kroppen måtte under og ein «vandal» (medlem ved stasjonen) måtte sjå at det gjekk rett føre seg, utan fotografiske restriksjonar.
I 1995 gjorde uro for miljøet at basen vart stengd, særleg i innsjøen, og stasjonen vart til slutt fjerna.
Den høgaste registrerte temperaturen i Antarktis vart gjort ved Vanda-stasjonen 5. januar 1974, då det vart målt 15,0 ºC.
I dag står det ein automatisk vêrstasjon der den tidlegare Vanda-stasjonen låg, i tillegg til Lake Vanda Hut, ei hytte som stundom vert vitja av 2-8 newzealandske forskarar om sommaren.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.