![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f6/Fluzone_vaccine_extracting.jpg/640px-Fluzone_vaccine_extracting.jpg&w=640&q=50)
Vaksine
biologisk preparat som styrkjer immuniteten mot ein sjukdom / From Wikipedia, the free encyclopedia
Vaksine (av latin variolæ vaccinæ, kukoppar) er svake eller døde smittestoff eller toksinar som blir tilførte kroppen for å gjera han immun mot sjukdommen dette smittestoffet ber med seg. Ein vaksine verker som eit antigen og fører til at kroppen tek til å danna antistoff. Avhengig av sjukdomstype kan ein vaksine gje livslangt sjukdomsvern, eller trenga påfyll med visse mellomrom.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f6/Fluzone_vaccine_extracting.jpg/640px-Fluzone_vaccine_extracting.jpg)