Arr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arr er merke etter sår som er lækte på skinnet eller ei anna organisk overflate. Arrdanning er ein naturleg del av lækingsprosessen av eit sår.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå arr i botanikk.
Vevet i arr har ein annan utsjånad enn området rundt, og andre eigenskapar, som at det er mindre elastisk, svakare og manglar hårvekst. Arret kan også heva seg litt over området rundt. Det er bindevev, eller reparasjonsvev, laga av ein annan celletype enn til dømes hud, som lagar arra.
Arr har vore brukte som kroppspynt, laga i ritual av til dømes maoriar og fleire folk frå Vest-Afrika og Ny-Guinea, eller i duellar i Europa på 1800-talet. Ein har også brukt arr for å merka slavar og kriminelle.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.