![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d4/Storvassdammen_5_cropped.jpg/640px-Storvassdammen_5_cropped.jpg&w=640&q=50)
Ulla-Førre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ulla-Førre i Agder og Rogaland fylke er det største vasskraftanlegget i Noreg og Nord-Europa, med ein installert effekt på ca. 2100 MW totalt. Årleg produksjon er i gjennomsnitt 4,45 TWh (1987-2006), og dei tre hovudkraftverka utgjer 7,5 % av den samla maskinkapasiteten i Noreg. Det blei investert 7,8 milliardar kroner i utbygginga, men produksjonsverdien blei i 2006 stipulert til ca. 22 milliardar.
Ulla-Førre | |||
![]() | |||
Kraftstabburet Blåsjø og Storvassdammen | |||
Opna i | 1982 | ||
---|---|---|---|
Utbygd i | 1974-1988 | ||
Stad | Rogaland: | ||
Maskininstallasjon | 2057 MW | ||
Største utnytta fallhøgd | 1055 m | ||
Magasinkapasitet | 8225 TWh | ||
Eigd av | Eigarskapet er delt mellom:
| ||
Nettstad | www.statkraft.no |
Utbygginga av anlegget gjekk føre seg frå 1974-1988, og førte med seg ei rekke endringar i lokalsamfunnet. Suldal kommune hadde fram til anleggsstart ei nedgåande folketalsutvikling, men fekk kring 1000 nye innbyggjarar i utbyggingsperioden. Anleggssenteret for utbygginga blei lagd til Garaneset på Sand, og kraftverkgruppa Ulla-Førre har i dag administrasjon og sentralverkstad på Suldalsosen.
Anlegget hentar vatn frå eit 2000 km2 stort nedbørsfelt. Dette omfattar mellom anna den kunstige innsjøen Blåsjø, oppdemd av nokre av Noregs største dammar, deriblant Oddatjørndammen (høgste fyllingsdam), Storvassdammen (største fyllingsdam) og Førrevassdammen (største betongdam). I kraftverkgruppa Ulla-Førre inngår fleire kraftverk. Det største er Kvilldal kraftverk, som er Noregs største kraftverk målt i installert effekt (1240 MW). I tillegg inngår Saurdal kraftverk, Hylen kraftverk og Stølsdal kraftverk, samt to pumpestasjonar i Stølsdalen og på Hjorteland.