From Wikipedia, the free encyclopedia
Sand er ein tettstad og kommunesenter i Suldal kommune i Rogaland fylke.
Sand | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Suldal | ||
Areal | 1,04 km² | ||
Folketal | 1 203 (2023) | ||
Folketettleik | 1 157 / km² | ||
Ferdselsårer | 46 → Ropeid | ||
Sand i Ryfylke 59.48666667°N 6.25111111°E | |||
Wikimedia Commons: Sand, Suldal | |||
Tettstaden er kommunesenteret i Suldal kommune og har 1 203 innbyggjarar per 1. januar 2023. Det går ferje frå Sand over Sandsfjorden til Ropeid. Ferjesambandet er ein del av Fylkesveg 46. Staden har ei lang historie, med mellom anna skipsbygging. Her er mellom anna kulturhus, hotell og hovudsetet til Ryfylkemuseet. Her ligg òg Sand kyrkje frå 1852.
Soknet omfattar bygdene rundt indre Sandsfjorden, ytre Saudafjorden og store delar av Hylsfjorden. Det har 1 506 innbyggjarar og høyrer til Ryfylke prosti. Sand sokn høyrer til Ryfylke prosti.
Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Sand sokn ein del av Jelsa kommune. Sand vart frådelt som eigen kommune i 1858, og den gjenverande kommunen hadde då 1 600 innbyggjarar. I 1965 vart Sand kommune med 1 135 innbyggjarar nedlagd og vart ein del av Suldal kommune.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.