Bykle kommune
kommune i Agder fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Bykle kommune er ein kommune i Agder fylke. Kommunen grensar i nord til Vinje, i aust til Tokke, i sør til Valle, Sirdal og Forsand, og i vest til Hjelmeland og Suldal.
- «Bykle» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Bykle kyrkjebygd.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Bykle kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Adm.senter | Bykle | ||
Areal | 1 467 km² | ||
• land | 1 265 km² | ||
• vatn | 202 km² | ||
Folketal | 1 011 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Jon-Rolf Næss (Ap) | ||
Kommunenr. | 4222 | ||
Bykle kommune 59.443061111111°N 7.255°E / 59.443061111111; 7.255 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Bykle | |||
Nettstad: www.bykle.kommune.no | |||
Lukk
Bykle er den kommunen som brukar mest pengar på kultur per innbyggjar.[1] Bykle har store vasskraftressursar, og store delar av inntektene til kommunen kjem frå produksjon av elektrisitet frå vasskraft.
Riksveg 9 (Haukeli–Kristiansand) går nord–sør gjennom kommunen. På Haukeli i Vinje vert han forbunde til E 134 (Drammen–Haugesund).