Turks- og Caicosøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Turks- og Caicosøyane er eit britisk oversjøisk territorium i Karibia som omfattar to øygrupper, Turksøyane og Caicosøyane. Territoriet omfattar 8 større og meir enn 20 små øyar. Arealet er 417 km². Øyane har ca. 31 000 innbyggjarar. Rundt 22 500 av dei bur på øya Providenciales i Caicosøyane. Hovudstaden Cockburn Town ligg på Grand Turk Island, om lag 1042 kilometer aust-søraust for Miami i Florida i USA.
Flagg | Våpen |
Status | Britisk oversjøisk territorium |
---|---|
Kong Guvernør |
Charles III Dileeni Daniel-Selvaratnam |
Hovudstad | Cockburn Town |
Offisielt språk | Engelsk |
Areal - % vatn |
417 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt |
ca. 21 746 (2007) |
Verdsdel | Sør-Amerika (Karibia) |
Internet-domene | .tc |
Tidssone | UTC -5 |
Internasjonal telefonkode | +1-649 |
Nasjonalsong | God Save the King |
Turks- og Caicosøyene ligg søraust for Mayaguana på Bahamas og nord for øya Hispaniola. Øyane er geografisk samanhengande med Bahamas, men har eit heilt anna politisk system enn nabolandet. SN reknar Turks- og Caicosøyene som eit ikkje-sjølvstyrt område.
Ein bruker amerikanske dollar som valuta på øyane. Fordi Turks- og Caicosøyane er eit britisk oversjøisk territorium og ikkje ein sjølvstendig stat, kan utlendingar ikkje oppnå statsborgarskap på øyane.
Dei aller første innbyggjarane som kom til øyane var arawak-talande tainofolk som kryssa over frå Hispaniola ein gong mellom 500 og 800 etter Kristus. Andre folkegrupper, indianere og nomadar, kryssa òg over til øya frå Cuba som ledd i ein migrasjon mot det sørlege Bahamas. Fleire av desse busette seg permanent på det som no er kjent som Turks- og Caicosøyene.
Turks- og Caicosøyane var mellom dei første landområda i Amerika som vart vitja av europearar etter at Christopher Columbus kom dit, kanskje vart dei vitja av Columbus sjølv alt i 1492. Øyane vart ikkje koloniserte før mot slutten av 1600-talet, og først i 1799 vart dei annekterte av Storbritannia, som del av kolonien Bahamas.
Sidan 1917 har det til tider dukka opp forslag om at Turks- og Caicosøyane skal bli del av Canada, og dette forslaget vart igjen drøfta i 2004,[1] men har så langt ikkje blitt noko av.