![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/82/Tubas.jpg/640px-Tubas.jpg&w=640&q=50)
Tubas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tubas (arabisk طوباس, Tûbâs; hebraisk skrift טובאס) er ein liten palestinsk by nordaust på Vestbreidda, 21 km nordaust for Nablus, nokre få kilometer vest for Jordanelva. Byen har over 16 000 innbyggjarar og er eit økonomisk og administrativt senter for Tubas guvernement. Byområdet dekkjer 2 271 mål. Han vert styrt av eit kommunestyre på 15 medlemmar og dei fleste innbyggjarane driv med jordbruk eller offentlege tenester.
Tubas | |||
طوباس, טובאס, Toubas, Tubass | |||
kommune | |||
Tubas skyline | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tubas guvernement | ||
Koordinatar | 32°19′20″N 35°22′07″E | ||
Areal | 295,1 km² | ||
Folketal | 16 154 (2007) | ||
Folketettleik | 55 / km² | ||
Grunnlagd | Seint på 1800-talet | ||
Borgarmeister | Jamal Abu Mohsin | ||
![]() Tubas 32.322222222222°N 35.368611111111°E / 32.322222222222; 35.368611111111 | |||
Wikimedia Commons: Tubas (city) | |||
Nettstad: www.tubas.ps | |||
Tubas har blitt identifisert som oldtidsbyen Thebez, ein kanaanittisk by som var kjend for å gjere opprør mot kong Abimelek. Den moderne byen vart grunnlagd seint på 1800-talet under det osmanske styret av Palestina, av arabiske klanar som budde i Jordandalen. Han vart ein stor by i Nablus sanjak, særleg kjend for tømmeret og osten sin. Han vart ein del av Palestinamandatet i 1917, annektert av Jordan etter dei erobra byen i den arabisk-israelske krigen i 1948, og så okkupert av Israel i seksdagarskrigen i 1967. Den palestinske sjølvstyresmakta har hatt full kontroll over Tubas sidan han vart overført til dei i 1995.