Vestbreidda
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vestbreidda (arabisk الضفة الغربية aḍ-Ḍaffah l-Ġarbiyyah, hebraisk הגדה המערבית, HaGadah HaMa'aravit, òg hebraisk יהודה ושומרון Yehuda ve-Shomron (Judea og Samaria)[1][2]) eller Cisjordan er eit landområde nær middelhavskysten i Vest-Asia som utgjer størstedelen av Dei palestinske territoria. Vestbreidda deler grense (fastsett i våpenkvileavtalen i 1949 mellom Jordan og Israel) i vest, nord og sør med staten Israel, og i aust, på andre sida av Jordanelva, med Jordan. Vestbreidda har òg ei lengre kystlinje langs vestsida av Daudehavet.[3] I følgje Den internasjonale straffedomstolen endrar ingen avtalar mellom Israel og dei palestinsk styresmaktene sidan 1993 på at desse territoria, inkludert Aust-Jerusalem, framleis er «okkupert territorium» med Israel som «den okkuperande makta».[4]
Vestbreidda | |||
region | |||
Land | Israel, Palestina | ||
---|---|---|---|
Del av | Palestina, Dei palestinske territoria, Israels okkuperte områder | ||
Vestbreidda 32°N 35.35°E / 32; 35.35 | |||
Wikimedia Commons: West Bank | |||
Vestbreidda med Aust-Jerusalem dekkjer eit landområde på 5 640 km2 og 220 km2 vatn, den nordvestlege delen av Daudehavet.[3] Det er estimert at folketalet er 2 676 740 (juli 2013).[3] Meir enn 80 %, kring 2 100 000,[3] er palestinske arabarar, og kring 500 000 er jødiske israelarar som bur på Vestbreidda,[3] av desse kring 192 000 i Aust-Jerusalem,[5] i israelske busetjingar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som ulovlege etter folkeretten, medan Israel hevdar å ha retten på si side.[6][7][8][9]