Tsjernobylulukka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tsjernobylulukka var ein katastrofisk feil ved reaktor nummer fire i kjernekraftverket i Tsjernobyl som fann stad 25.-26. april 1986. Kjernekraftverket låg ved den no fråflytta byen Pripjat nord i Ukraina, den dåverande ukrainske sovjetrepublikken, i det som no er Ukraina, om lag 104 km nord for Kiev.[1]
Eksplosjonen var så valdsam at det 500 tonn tunge reaktorlokket blei blåst opp i lufta. Opp mot 50 menneske døydde som direkte følgje av eksplosjonen og av akutte stråleskader i vekene etter ulukken. Det siste dødsfallet blei registrert i 2004.[2]
Ulukka medførte at radioaktivt cesium vart spreidd over den nordlege halvkula. Store mengder støv som inneheldt radioaktivt jod og cesium blei slept ut i atmosfæren og spreide seg over store område. Mengda var 400 gonger større enn utsleppet i samband med atombombene i Hiroshima og Nagasaki i 1945 under andre en.[3] Rundt fem millionar menneske i Kviterussland, Ukraina og Russland lever i dag i område med betydeleg nedfall etter ulkka.[4] Mykje av dei nordlege områda av oblastet er radioaktivt forureina og eit sperreområde, Tsjernobylsona, dekkjer eit stort område kring kraftverket. Av landa utanfor Sovjetunionen, var Noreg eit av dei landa som fekk størst nedfall av radioaktivt cesium. Dette førte til at det varte gjennomført nedforing av sau før dyra vart slakta.
Det totale talet på dødsfall som følgje av ulukka er rekna til opp mot 4 000 menneske.[5] Opphavleg gjekk ein ut frå at fleire titusen ville døy av seinverknadar.[2] Talet inkluderer dødsfall 20 år eller meir etter ulukka.[6][7]
I dag er den nedsmelta Tsjernobyl-reaktoren dekt av ein stor betongsarkofag. Alle reaktorar av same type er i dag modifiserte og skal vere mykje meir stabile. Ti av dei var framleis i bruk i straumnettet i 2019.[8][9]