From Wikipedia, the free encyclopedia
Tschingelhorn (3562 m) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Kantongrensa mellom Bern og Valais går over fjelltoppen. Fjellet er elles med i verdsarvområdet som vart oppretta kring Jungfrau og Aletschgletscher.
Tschingelhorn | |||
fjell | |||
Tschingelhorn (i midten, bak) og Wetterhorn (til høgre) | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Bern-Alpane | ||
Høgd | 3 562 moh. | ||
Primærfaktor | 388 m | ||
Koordinatar | 46.478747°N 7.848208°E | ||
Lettast tilkomst | Sørlege fjellkløft (F) | ||
Førstestiging | Heinrich Feuz | ||
- dato | 6. september 1865 | ||
Tschingelhorn 46.478694444444°N 7.8481944444444°E | |||
Kart som viser Tschingelhorn.
| |||
Wikimedia Commons: Tschingelhorn | |||
Heinrich Feuz, W. H. Hawker, Christian Lauener og Ulrich Lauener var dei første som nådde toppen av fjellet, den 6. september 1865.
Briten W.A.B. Coolidge sin hund Tschingel, som elles var ei gåve til Coolidge frå den sveitsiske fjellføraren Christian Almer, var oppkalla etter fjellet Tschingelhorn. Hunden, ei tispe, var med på elleve fyrstebestigingar i Alpane og gjennomførte 66 såkalla grandes courses, storturar. Hunden vart føreslått til æresmedlem av Alpine Club, noko som vart avvist med tilvising til kjønn.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.