William Augustus Brevoort Coolidge (28. august 18508. mai 1926) var ein USA-amerikansk fjellklatrar, historikar og anglikansk teolog.

Kjappe fakta
W.A.B. Coolidge
Thumb
StatsborgarskapUSA
Fødd28. august 1850
New York by
Død

8. mai 1926 (75 år)
Grindelwald

Yrkefjellklatrer, lærar, historikar, teolog
Språkengelsk
ReligionDen anglikanske kirke
W.A.B. Coolidge på Commons
Lukk

Liv

Cooldige var fødd i New York i USA, son til ein forretningsmann frå Boston. Etter studiar av historie og jus i Concord i delstaten New Hampshire, på Guernsey og i Oxford, underviste han i historie fram til 1881, og vart prest i den anglikanske kyrkja i 1883. To år etter slo han seg ned i Grindelwald i Sveits, der han han livnærte seg som skribent og publisist til han døydde 41 år seinare. Mellom anna var han redaktør av britisk Alpine Journal, utgitt av Alpine Club.

Thumb
Piz Badile

Coodlidge var ein av dei leiande fjellklivarane i den såkalla sylvalderen i fjellklartringa, tida etter 1865. Gjennom tre tiår farta han rundt i dei sveitsiske, franske og italienske Vets-Alpane og stod for ei rad fyrstebestigningar, ofte i lag med fjellføraren Christian Almer. Saman med morsystera, nederlandske Meta Brevoort, og fjellførarane Christian og Ulrich Almer, far og son, kleiv dei i januar 1874, som dei fyrste vinterturistane, til topps på Jungfrau i Berner Oberland.

Hunden Tschingel, som Coolidge fekk av Almer, tok del i vinterturen til Jungfrau og 30 andre turar til stortoppar i Alpane, 11 av dei fyrstebestingingar. Tschingel vart utnemnd til heidersmedlem i Alpine Club, som det einaste hokjønnet i si samtid.

Thumb
Les Bans

Fyrstebestigingar i Alpane

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.