Trochilini
biologisk tribus av kolibriar i underfamilien Trochilinae / From Wikipedia, the free encyclopedia
Trochilini er ein av dei tre biologiske tribusane (stammar) som utgjer underfamilien Trochilinae i kolibrifamilien Trochilidae. Dei to andre stammane i underfamilien er Lampornithini («fjelljuvelar») og Mellisugini («bikolibriar»). Det uformelle namnet «smaragdar» er foreslått for denne gruppa. Fleire slekter inneheld artar med «smaragd» i det norske artsnamnet, inkludert Chlorostilbon med ti artar. Per 2023 samlar denne stammen totalt 114 artar fordelte på 36 slekter.[1][2] Leveområdet for desse kolibriane er frå sørvestlege USA i nord, sørover til og med Uruguay i sør.
Kjappe fakta
Trochilini | |
Indigokronekolibri (Saucerottia cyanifrons) Foto: Ron Knight | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Trochilini |
Lukk