Treaty House
From Wikipedia, the free encyclopedia
Treaty House (Traktathuset) viser på New Zealand til det tidlegare huset til den britiske statlege representanten på New Zealand, James Busby. Waitangitraktaten, dokumentet som grunnla den britiske kolonien New Zealand, vart underteikna på eigedommen til Traktathuset den 6. februar 1840.
Treaty House | |||
| |||
Treaty House 35.2658°S 174.0816°E / -35.2658; 174.0816 |
---|
Eigedommen hadde tidlegare vore stad for ei viktig hending, underteikninga av Declaration of the Independence of New Zealand i 1835. Huset og eigedommen var på private hender fram til 1932, då dei vart kjøpte av generalguvernøren, Viscount Bledisloe, som gav dei til nasjonen. Dei vart overleverte som eit nasjonalt minnesmerke i 1934, under ein seremoni der tusenvis av menneske var til stades, både pākehā og maoriar, til og med maorikongen. Her fann ogå ei anna større markering stad, i 1940, då hundreårsjubileet for underteikninga av traktaten vart feira.[1] Sidan 1947 har ein her feira den årlege Waitangidagen.