art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Trastesongar (Acrocephalus arundinaceus) er ein stor songar i kjerrsongarfamilien som er hekkefugl i Europa og austover til vestre Mongolia. Han overvintrar i Afrika sør for Sahara. I Noreg er denne arten ein sjeldan gjest.
Trastesongar | |
Trastesongar Foto: Carles Pastor | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Trastesongar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Kjerrsongarfamilien Acrocephalidae |
Slekt: | Kjerrsongarar Acrocephalus |
Art: | Trastesongar A. arundinaceus |
Vitskapleg namn | |
Acrocephalus arundinaceus |
Trastesongar liknar røyrsongar, berre mykje større, med kroppslengd på 16 til 20 centimeter. Hovudet er relativt stort og nebbet grovt med ein mørk flekk på undersida ut mot spissen. Fjørdrakta er brun på oversida, og lysare beige på undersida. Det lyse strupeområdet kan ha svake grå striper. Halen er litt avrunda i enden. Kjønna er like.
Songen er høglydte, gjentatte rytmiske seriar av skrikande variantar med falsettlydar som til dømes «krie-krie-krie trr-trr-kie-kie».[1]
Hekkehabitatet er enger av takrøyr ved opent ferskvatn, nokre gongar i liknande høge vekster av dunkjevlefamilien. Om vinteren kan dei beite på tørrare område, i høgt gras, i hagar, og i mais- og sukkerplantasjar. Utbreiinga for hekking er Europa aust for Noreg og Storbrittania, nordvestre Afrika, Midt-Austen, Kaukasus og inn i vestre Mongolia og nordvestre Kina. I Europa er hekkeområda fragmenterte.[2] I Noreg blir meir enn 85 % av registreringane av streiffuglar gjort i månadene mai og juni, i dei siste ti åra er det gjort gjennomsnittleg fire godkjente registreringar av arten årleg i Noreg, omtrent halvparten av desse frå Hordaland til Vest-Agder fylke.[3]
Denne kjerrsongaren er insektetar, men kan supplere med sniglar, små ryggstrengdyr og jamvel bær og fruktar utanom hekketida.[2]
Populasjonen er estimert til mellom 5 og 9 millionar individ og er trudd å vere minkande. Han er kategorisert som livskraftig, LC, av IUCN.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.