From Wikipedia, the free encyclopedia
Toul er ein festningsby og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Meurthe-et-Moselle i regionen Lorraine, og har om lag 17 000 innbyggjarar.
Toul | |||
---|---|---|---|
Cathédrale Saint-Étienne de Toul | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Lorraine Meurthe-et-Moselle | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 30,59 km² | ||
Flatevidd - By |
30,59 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
16 945 554/km² | ||
Koordinatar | 48°40′N 05°53′E | ||
Høgd over havet | 215 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 54200 | ||
Heimeside: www.mairie-toul.fr |
Toul ligg mellom Commercy og Nancy, og mellom elva Moselle og Canal de la Marne au Rhin.
Toul vart kalla Tullum Leucorum av romarane, og var hovudstad for den galliske stamma Leuci.
I 612 slo Kong Teodebert II av Austrasia Kong Teoderik II av Burgund nær Toul. Etter Meerssentraktaten i 870 vart Toul ein del av Austfrankariket, seinare Det tysk-romerske riket seint i mellomalderen. Her vart han ein fri keisarby. Toul vart annektert av Frankrike av Kong Henrik II i 1552. Dette vart godkjend av Det tysk-romerske riket i Freden i Westfalen i 1648. Han vart då ein del av den franske provinsen Trois-Évêchés.
Siste gong Toul nytta festninga si var under omleiringa i 1870 i den fransk-prøyssiske krigen, og om morgonen 23. september opna 64 kanonar eld, og festninga overgav seg om ettermiddagen etter at 2 433 prosjektil hadde vorte avfyrt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.