Totalssystemet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Totalssystemet, også kalla det binære talsystemet (binær av latin binarius: dobbel, todelt) eller det dyadiske talsystemet, er eit talsystem som har talet 2 som grunntal, og berre dei to sifra 0 og 1 blir brukte. Dette talsystemet fungerer i prinsippet på same vis som eit desimalt talsystem (titalsystemet) ved at det same sifferet har ulik verdi alt etter plasseringa av sifferet i eit tal.
Døme på korleis låge naturlege tal vert skrivne som desimaltal og binærtal | |||||
---|---|---|---|---|---|
Desimal- tal |
Sum av 2-potensar | Binær- tal | |||
1 | 0 | 0 | 0 | 1 | 1 |
2 | 0 | 0 | 1 | 0 | 10 |
3 | 0 | 0 | 1 | 1 | 11 |
4 | 0 | 1 | 0 | 0 | 100 |
5 | 0 | 1 | 0 | 1 | 101 |
6 | 0 | 1 | 1 | 0 | 110 |
7 | 0 | 1 | 1 | 1 | 111 |
8 | 1 | 0 | 0 | 0 | 1000 |
9 | 1 | 0 | 0 | 1 | 1001 |
10 | 1 | 0 | 1 | 0 | 1010 |
I hovudsak nyttar ein totalssystem i samband med elektronisk prosessjobbing i datamaskinar, og forenkla kan ein seie at sifferet 0 står for av og 1 står for på når det gjeld elektronisk puls.
Som måleeining på datamengde har ein innan datateknologien nytta det engelske omgrepet bit, som er ei samantrekking for binary digit, altså binært siffer. Bits blir ofte grupperte i byte som er lik 8 bits. Ein bit kan innehalda éi einaste opplysning (0 eller 1); ein byte kan innehalda ulike opplysningar. For å kunne ha til dømes 65 000 fargar på ein dataskjerm, må fargeinformasjonen ha minst
bits. Datamengde i kabeloverføring eller radiooverføring reknast ofte i bits (evt. kbit, Mbit osb), medan datamengde på lagringsmedium (til dømes diskett, CD, harddisk) ofte blir rekna i bytes (evt. MB, GB osb).