Desimaltal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Desimaltal er tal som er sett saman av ein heiltalsdel og ein fraksjonsdel. Desse to delane er skilt med eit desimalskiljeteikn. Eit døme kan vere talet «49,90» der heiltalsdelen er «49» og fraksjondelen er «90».
- Denne artikkelen handlar om kommatal. For det desimale talsystemet, sjå titalsystemet.
Sifra i fraksjondelen vert kalla desimalar. Desimalar er altså det som i daglegtale kallast «tala bak komma» eller «tala til høgre for komma», i dette tilfellet 9 og 0.