From Wikipedia, the free encyclopedia
Titlis er eit 3 238 m høgt fjell i Uri-Alpane i Sveits. Fjellet ligg på grensa mellom kantonane Obwalden og Bern i Sveits, nær ved Engelberg (Obwalden). Verdas fyrste tovegs kabelvogn vart oppført til fjellet Titlis. Systemet med kabelvogner knyter Engelberg saman med toppen Klein Titlis (3028 m) gjennom tre strekningar. Den fyrste vogna går frå Gerschnialp (1262 m), den neste frå Trübsee (1796 m) og den siste frå Stand (2428 m). Fjellet er det høgaste punktet i Obwalden.
Titlis | |||
fjell | |||
Titlis | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Obwalden, Bern | ||
Fjellkjede | Urner-Alpane | ||
Høgd | 3 238 moh. | ||
Primærfaktor | 970 m ↓ mot Dammastock | ||
Koordinatar | 46°46′21″N 8°26′14″E | ||
Førstestiging | ein munk | ||
- dato | 1739 | ||
Titlis 46.771944444444°N 8.4377777777778°E | |||
Kart som viser Titlis.
| |||
Wikimedia Commons: Titlis | |||
Titlis ligg mellom kommunen Engelberg i nord og kommunen Gadmen i sør. Den fyrstnemnde kommunen ligg i Obwalden, den sistnemnde i kantonen Bern.
Titlis er det høgste fjellet i ei vel 20 km lang fjellrekke som ein svak boge strekker seg frå vest-sørvest til nordaust mellom Haslital i Bern på den eine sida og Reusstal med elva Reuss på den andre. Mot sør og aust reiser Titlis seg med store, bratte fjellveggar. I vestleg retning leier ei smal, hakkete egg over til grannetoppen. Einast mot nord, til Engelberg, fell landskapet relativt moderat nedover fordelt på to større terrassar.
Berggrunnen består i hovudsak av kalksediment, så geologisk høyrer Titlis til Aar-massivet.
Toppen og området under er dekt av ein isbre. Isbreen har i den seinaste tid minka så mykje at dei lokalkjente ser tilbakegangen, skilnaden frå år til år.
Titlis skal ha vore klive av ein (namnlaus) munk frå klosteret i Engelberg i året 1739. Ei anna kjelde seier at eit taulag beståande av fire personar i 1744 var dei aller fyrste som nådde toppen. Sidan fjelltoppen er rimeleg greitt tilgjengeleg kan det godt tenkast han har vorte kliven enno tidlegare.
21. januar 1904 vart dei to engelbergarane Joseph Kuster og Willi Amrhein dei fyrste som gjekk på ski heilt til topps på Titlis.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.