From Wikipedia, the free encyclopedia
Reuss er ei elv i Sveits, som høyrer til Rhinenvassdraget. Elva har kjelde i Gotthardmassivet i kantonen Uri, og munnar ut i Aare ved Windisch i kantonen Aargau. Reuss er 164 km lang, og har ei fallhøgd på 2 101 m og eit tilsigsfelt på 3 425 km².
Reuss | |||
elv | |||
Reuss i Luzern | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Uri, Aargau, Luzern, Zug, Zürich | ||
Tilløp | |||
• venstre | Göschener Reuss | ||
• høgre | Unteralpreuss | ||
Nedslagsfelt | 3 425 km² | ||
By | Luzern, Emmen, Bremgarten | ||
Lengd | 164 km | ||
Vassføring | |||
• middel | 140 m³/s | ||
• maks | 450 m³/s | ||
• min | 10 m³/s | ||
Kjelde | Urseren | ||
• høgd | 2 431 moh. | ||
- koordinatar | 46°37′16″N 8°34′8″E | ||
Munning | Aare | ||
- stad | Gebenstorf | ||
- koordinatar | 47°29′32″N 8°14′14″E | ||
Reuss 46.563411111111°N 8.4319111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Reuss River | |||
Reuss oppstår i Urseren av fleire kjeldeelvar, dei to største er Furkareuss og Gotthardreuss. Kjelda til Furkareuss ligg på 2 431 meter over havet, og vert rekna som hovudkjelda. Reuss renn ut av Urseren gjennom Schöllenenjuvet. Etter å ha passert den breie Reussdalen i Uri, munnar elva ved Flüelen ut i Vierwaldstättersjøen. Reuss renn ut av innsjøen ved byen Luzern, den største byen langs elva. Herifrå renn elva nordover gjennom Aargau, dels som grenseelv mot kantonane Zug og Zürich. Reuss si vassføring ved åmotet til Aare er gjennomsnittleg 140 m³/s.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.