Timur Lenk (8. april 133618. februar 1405) var ein tyrkisk herskar[1] og grunnleggjaren av Timuridedynastiet. Han var også kjend som Timur den halte. Den eigentlege forma av namnet hans var Timur-i Lenk, som i Europa tidvis er blitt til Tamerlane.

Thumb
Portrett av Timut Lenk frå 1400-talet, kanskje ein kopi av eit eldre bilde.
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Timur Lenk
Thumb
Rekonstruksjon av hovudet til Timur Lenk utført av M. Gerasimov i 1941.
Fødd9. april 1336
FødestadShahrisabz
Død19. februar 1405
DødsstadOtrar
MorTekina Khatun
FarTaraghai
EktefelleSaray Malik Katun, Uljay-Turkan aga, Cholpan-Mulk Aga, Dilshad aga
BarnShah Rukh, Miran Shah, Jahangir Mirza, Umar Shaikh Mirza I, Aka Begi
Lukk

Bakgrunn

Timur Lenk var fødd i Kesh (no Shahrisabz) eit stykke sør for Samarkand i dagens Usbekistan. Han høyrde til Barlas-stammen, ein tyrkisk stamme. Sjølv hevda han at han stamma frå Djengis Khan, den mongolske herskaren,[2] men dette er omdiskutert. Frå 1369 var han emir i Samarkand – eit av dei viktigaste ikkje-osmanske tyrkiske rika på den tida. Gjennom ei rekkje felttog la han store område under seg: Armenia, Afghanistan, Hindustan (Nord-India), Syria og Mesopotamia.

Kort tid etter at Timur døydde gjekk riket i oppløysing. Han kjempa blant anna mot den osmanske sultanen Beyazid og vann etter bitre kampar i 1402.[3]

I Vesten har Timur heilt frå den tida han levde vorte skildra som en barbar, ein som er vond, lite sivilisert og øydeleggjande. Heller ikkje i Iran eller i Det osmanske riket blei han positivt omtala. Dette skuldast truleg krigane han førte mot Det osmanske riket. Men i dag har forskarane eit meir nyansert bilde av og eit meir objektivt syn på Timur Lenk. Både i den tyrkiske og i den islamske verda er han positivt omtala no. Også mange europeiske og amerikanske forskarar har begynt å fokusere på dei positive eigenskapane hans.

Ifølgje lokal tradisjon skal Timur ved sin død ha sagt at dersom nokon uroar grava hans, så skal dei bli ramma av ein grufull lagnad.

Timur Lenk var tippoldefar til Babur, som grunnla Mogulriket i India.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.