![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cf/Thwaites_Glacier.jpg/640px-Thwaites_Glacier.jpg&w=640&q=50)
Thwaitesbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Thwaitesbreen er ein uvanleg brei og rask isbre i Antarktis som flyt ut i Pine Island Bay i Amundsenhavet, aust for Mount Murphy på Walgreen Coast i Marie Byrd Land. Overflatesnøggleiken er meir enn 2 km/år nær midtlinja og den raskaste flytande isen ligg mellom 50 og 100 km aust for Mount Murphy. Han vart namngjeven av ACAN [1] etter Fredrik T. Thwaites, ein glasiolog, geomorfologist og professor emeritus ved University of Wisconsin–Madison.[2] Thwaitsbreen har vorte nøye overvaka på grunn av potensialet for at han kan medverke til auka havnivå i verda.
Thwaitesbreen | |||
isstraum | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 75°30′S 106°45′W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Thwaitesbreen 75.5°S 106.75°W / -75.5; -106.75 | |||
Wikimedia Commons: Thwaites Ice Shelf | |||
I lag med Pine Island-breen er Thwaitesbreen skildra som ein del av eit «svakt underlag» i Den vestantarktiske innlandsisen fordi det verkar å vere stor fare for at dei trekkjer seg attende. Denne hypotesen er basert på både teoretiske studiar av stabilieten til marine innlandsisar og nyare observasjonar av store endringar hos begge desse isbreane. I nyare år har snøggleiken til isstraumane auka kraftig, overflata har vorte lågare og staden der dei tar ned i botnen har trekt seg attende.
I 2011 vart det samla inn geofysiske data under flyturar over Thwaitesbreen av forskarar ved at Columbia University’s Lamont-Doherty Earth Observatory som synte ein 700 meter høg rygg som er med på å ankre fast breen og som faktisk har vore med på å hindre ytterlegare auke i brefarten. Studien synte at kunnskap om topografien på havbotnen er viktig i å føresei korleis desse isbreane vil oppføre seg i framtida.[3]