The Elder Scrolls III: Morrowind
From Wikipedia, the free encyclopedia
The Elder Scrolls III: Morrowind er eit open-world fantasy action RPG-videospel utvikla av Bethesda Game Studios, og utgjeven av Bethesda Softworks og Ubisoft. Det er det tredje hovudspelet i The Elder Scrolls-serien, etter The Elder Scrolls II: Daggerfall, og før The Elder Scrolls IV: Oblivion. Spelet kom ut i 2002 i Nord-Amerika til Microsoft Windows og Xbox. Spelet fekk gode tilbakemeldingar, selte over fire million kopiar[1] og vann meir enn 60 prisar, inkludert Game of the Year.[2] Det blei gjeve ut to utvidelsespakkar til PC: Tribunal og Bloodmoon. Båe blei inkludert i Morrowind: Game of the Year Edition, som kom ut den 30. oktober 2003 til både PC og Xbox.[3]
The Elder Scrolls III: Morrowind | |||
![]() | |||
Utviklar(ar) | Bethesda Game Studios | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Bethesda Softworks, EU Ubisoft | ||
Distributør | Steam, GOG.com, Humble Store, Microsoft Store | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Todd Howard | ||
Design(ar) | Todd Howard, Ken Rolston | ||
Komponist(ar) | Jeremy Soule, Julian Soule | ||
Serie | The Elder Scrolls | ||
Spelmotor | NetImmerse, Gamebryo | ||
Siste versjon | 1.2.0722, 1.6.1820, 1.6.1820, 1.2.0813 | ||
Plattform(er) | Xbox, Microsoft Windows | ||
Utgjeving | Microsoft Windows
NA: 1. mai 2002 Xbox NA: 6. juni 2002 | ||
Sjanger | Action RPG | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Medium | DVD, digital nedlasting | ||
Nettstad | https://elderscrolls.bethesda.net/morrowind/ | ||
Del av serien The Elder Scrolls⠀ | |||
←The Elder Scrolls II: Daggerfall · The Elder Scrolls IV: Oblivion→ |
Hovudhistoria i Morrowind føregår på Vvardenfell, ei øy i Dunmer-provinsen Morrowind, som ligg i riket Tamriel. Morrowind er langt frå dei meir siviliserte landa i vest og sør som var i Daggerfall og The Elder Scrolls: Arena. Historia handlar om guddommen Dagoth Ur i det vulkanske Red Mountain, som ynsker å oppnå makt og frigjere Morrowind frå det imperialistiske styre.[4] Morrowind er designa med ein fri form for spelemåte i tankane, med mindre vekt på spelet si hovudhandling enn forgjengarane sine. Dette valet fekk blanda tilbakemelding, men spelet blei rost for den omfattande og detaljerte speleverda.