From Wikipedia, the free encyclopedia
The Dillards er ei USA-amerikansk bluegrassgruppe frå Salem i Missouri. Dei var kjende som bandet «The Darlings» på The Andy Griffith Show.[1]
The Dillards | |||
Bandet i 1977 | |||
Opphav | Salem i Missouri i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | Sidan 1963 | ||
Sjanger | Bluegrass | ||
Plateselskap | Elektra Records | ||
Medlemmer |
| ||
Tidlegare medlemmer |
|
The Dillards bestod opphavleg av :
I 1968 slutta Doug Dillard for å skipe Dillard and Clark. Han fortsette stundom å spele med broren fram til eit par år før han døydde i 2012.[2]
Besetninga i 2015:
Andre som har spelt i bandet er:
Sjølv om The Dillards alt var eit etablert bluegrassband vart dei mest kjend som familien Darling på The Andy Griffith Show, der dei introduserte bluegrass for mange amerikanarar som aldri hadde høyrt det før.[1] Dette var ei rolle som gjekk att i serien og The Dillards vart leia av den erfarne skodepelaren Denver Pyle som far deira og krukkespelaren Briscoe Darling. Maggie Peterson spelte Charlene Darling, syster deira som fekk mykje merksemd av rollefiguren Ernest T. Bass, spelt av Howard Morris. Dei var med i showet frå 1963 til 1966. I 1986 gjentok The Dillards rolla i ei sameina utgåve av showet, Return to Mayberry.
I oktober 1963 i episoden «Briscoe Declares for Aunt Bee», framførte The Dillards for første gongen Arthur «Guitar Boogie» Smith-komposisjonen «Feudin' Banjos (Dueling Banjos)» for eit større publikum.
The Dillards er kjende som eit av dei første bluegrassgruppene om brukte elektriske instrument i midten av 1960-åra.[4] Dei vert rekna som ein av pionerane innan den blømande folkrock, countryrock og progressiv bluegrass-stilen frå Sør-California, og er kjende for å ha direkte eller indirekte inspirert artistar som Eagles, The Byrds og Elton John.[5] I 1972 vart The Dillards med Elton John på den første amerikanske turneen hans.[1] John Paul Jones frå Led Zeppelin har omtalt at dei inspirerte han, og særskild avgjersla hans om å spele mandolin.[6]
År | Album | Salslister | Selskap | |
---|---|---|---|---|
US Top 200 | CAN | |||
1963 | Back Porch Bluegrass | — | — | Elektra |
1964 | Live!!!! Almost!!! | — | — | |
1965 | Pickin' and Fiddlin' (med Byron Berline) | — | — | |
1968 | Wheatstraw Suite | — | — | |
1970 | Copperfields | — | — | |
1972 | Roots and Branches | 79 | 56 | Anthem |
1973 | Tribute to the American Duck | — | — | Poppy |
1977 | The Dillards vs. The Incredible L.A. Time Machine | — | — | Flying Fish |
1978 | Mountain Rock | — | — | Crystal Clear |
1979 | Decade Waltz | — | — | Flying Fish |
1980 | Homecoming and Family Reunion | — | — | |
1991 | Let It Fly | — | — | Vanguard |
1992 | Take Me Along For The Ride | — | — | |
1999 | A Long Time Ago: The First Time Live | — | — | Varèse Sarabande |
2006 | Early Recordings - 1959 | — | — | |
2020 | Old Road New Again | — | — | Pinecastle Records |
År | Album | Selskap |
---|---|---|
1976 | Country Tracks | Elektra |
1986 | I'll Fly Away | Edsel |
1991 | There Is a Time (1963-70) | Vanguard |
1995 | The Best of The Darlin' Boys | |
1996 | Roots and Branches/Tribute to the American Duck | Beat Goes On |
2001 | Back Porch Bluegrass & Live!!!! Almost!!! | Warner Strategic Marketing |
2004 | Pickin' and Fiddlin', Wheatstraw Suite & Copperfields | |
2005 | Let The Music Flow: The Best of the Dillards 1963-1979 | Raven |
År | Tittel | Billboard Hot 100 | Album | Selskap |
---|---|---|---|---|
1963 | Dooley | — | Back Porch Bluegrass | Elektra |
Hootin' Banjo [Duelin' Banjo] | — | |||
1965 | Nobody Knows | — | berre singlar | Capitol |
1966 | The Last Thing On My Mind | — | ||
1968 | Reason To Believe | — | Wheatstraw Suite | Elektra |
1969 | Listen To The Sound | — | ||
1970 | Rainmaker | — | Copperfields | |
Close The Door Lightly | — | |||
One Too Many Mornings | — | berre singlar | White Whale | |
Comin' Home Again | — | |||
1971 | It's About Time | 92. plassen | Anthem | |
1972 | One A.M. | 111. plassen | Roots and Branches | |
America (The Lady Of The Harbor) | — | berre singel | ||
1973 | Hot Rod Banjo | — | Tribute to the American Duck | Poppy |
1975 | Stones Throw Away | — | berre singel | United Artists |
1977 | The Poet | — | The Dillards Vs. The Incredible L.A. Time Machine | Sonet |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.