Tettstader i Finnmark
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Tettstader i Finnmark gjev eit oversyn over tettstader i Finnmark fylke. Statistisk sentralbyrå sin definisjon på ein tettstad er ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for nærare informasjon om tettstadsomgrepet.
Per 2023 var det 30 tettstader i fylket.[1] Av dei kallar desse seg by: Alta, Hammerfest, Honningsvåg, Kirkenes, Vadsø og Vardø.
Fylket hadde ei total folkemengd på 74 112 personar per 1. januar 2023. Totalt var 57 883 personar registrert på ein tettstad, dermed budde 78 % av folkesetnaden i ein tettstad, medan landsgjennomsnittet er ca. 83 %. Ca. 38,5 % av folkesetnaden budde i ein av dei tre største tettstadene i 2023. I Båtsfjord kommune budde berre åtte personar utanfor tettstaden, det vil seie heile 99,6% av innbyggjarane i kommunen er registrert på ein tettstad, noko som truleg er det høgste talet for nokon kommune i Noreg. Berre ein av Finnmarkskommunane har ingen tettstader, det gjeld Nesseby.