Vardø
by i Finnmark / From Wikipedia, the free encyclopedia
Vardø (av varde og øy, eldre norrønt Vargøy ‘ulveøya’), nordsamisk Várggát, kvensk Vuorea, er ein by i Vardø kommune, aust i Finnmark fylke, mindre enn éin breiddegrad frå det nordlegaste punktet i Finnmark, Knivskjellodden.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Vardø | |||
By | |||
Vardø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Vardø om vinteren | ||
Areal | 1,2 km² | ||
Folketal | 1 727 (2023) | ||
Folketettleik | 1 439 / km² | ||
Postnummer | 9950 VARDØ | ||
Innbyggjarnamn | vardøværing | ||
Vardø 70.37052°N 31.10954°E / 70.37052; 31.10954 | |||
Wikimedia Commons: Vardø (town) | |||
Lukk
Byen ligg på den 3,7 km² store Vardøya utanfor austkysten av Varangerhalvøya. Innbyggjartalet er om lag 1900, som utgjer om lag 89 % av innbyggjartalet i kommunen. Vardø er den austlegaste tettstaden i Noreg. Saman med Hammerfest er han den eldste byen i Nord-Noreg. Begge fekk bystatus i 1789. Vardø er òg kjend som Pomorhovudstaden sidan byen på 1800-talet var eit sentrum for norsk handel med Russland.