From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein tenorsaksofon er eit middels stort musikkinstrument i saksofonfamilien som vart oppfunne av Adolphe Sax i 1840-åra. Saksofonen er stemd i H, og er dermed eit transponerande instrument.
Han kling éin oktav mørkare enn sopransaksofonen, men har ein meir jazz-aktig klang.
Tenorsaksofonen består hovudsakleg av eit langt, bøygd messingrøyr med fleire runde hol på, og over desse ligg klaffar til å avgjera kva for ein tone som vert spelt. Klaffane er i eit nettverk av stenger slik at musikaren kan spela instrumentet med ni fingrar (høgre tommel brukast for å støtta saksofonen) på minst 23 av klaffane på instrumentet. Saksofonen mæler mellom 80 og 85 cm, og er synleg større enn altsaksofonen
Tenor er delt opp i tre delar: Munnstykket, halsen og kroppen.
Tenorsaksofonen vart oppfunnen av Adolphe Sax i midten av 1840-åra. Frå byrjinga av vart ikkje tenorsaksofonar og saksofonar generelt akseptert, men etter kvart fekk instrumentet meir og meir heider. I byrjinga på 1900-talet vart ein ny tenorsaksofon laga, ein såkalt C melody, eller C-saksofon, og denne var vanleg i 1920-åra. Fordelen med ein C melody-saksofon var at han var stemd i C, det same som mellom anna piano er, og då kunne piano og saksofon spela saman frå same note utan å transponere. Men brått i år 1929 slutta saksofonprodusentane å laga desse saksofonane, og i dag er det svært uvanleg å bruka C melody-saksofonar i nokon som helst form for musikk.
Tenorsaksofonen vert brukt til mange ulike former for samspel, som janitsjarkorps, storband, danseband og jazzensemble. I nokre tilfelle vert tenorsaksofonen òg brukt i symfoniorkester og kammermusikk, som i Maurice Ravel sin Bolero. I orkester spelar tenorsaksofonen vanlegvis ei slag støtterolle saman med eufonium, valthorn og trombone. I jazzband er tenorsaksofonen meir framtredande, og spelar ofte melodien og dessutan at den brukast som improviseringsinstrument.
Tenorsaksofonen vart betre kjent gjennom den hyppige nytta av instrumentet i jazzmusikk. Coleman Hawkins gav tenorsaksofonen nytt liv i 1930-åra frå å vera eit «hjelpeinstrument» saman med blant anna valthorn til å verta eit fullverdig melodi- og improviseringsinstrument.
Mange kjende jazzmusikarar frå 1940-talet og utover har vore tenorsaksofonistar. Dei spelte i ulike jazz-artar, alt frå den sterke, klangfulle lyden til Coleman Hawkins og hans tilhengarar, til den muntra og lystige stilen til Lester Young og hans følgje. Under bebop-tida kom den meste framståande tenorsaksofonen-musikken frå jazz-standardar (som Four Brothers) frå Woody Herman sitt orkester, og seinare på 1960-talet fekk Stan Getz stor suksess ved å spela bossa nova-musikk på hornet.
Som eit resultat av framgangen i amerikansk jazz, fekk instrumentet òg hovudroller i andre sjangrar. Tenorsaksofonen er svært vanleg i rhythm and blues, og vert òg brukt i rock and roll og den nyare rocken. Instrumentet vert òg nytta i afroamerikansk musikk, latinmusikk og afrikansk musikk. Nokre gonger har den òg vorte brukt i post-punk og eksperimentelle band rundt om i Storbritannia i 80-åra, nokon gonger òg atonalt.
På alle saksofonar, og då spesielt tenor, er det vanleg å spela i utvida register. Kjende saksofonistar, som John Coltrane, Michael Brecker, James Haulik, Sonny Rollins og Lenny Pickett, brukte alle eit register som vert kalla altissimo, og er tonar som ligg høgare enn f3. Tonar i altissimo held fram heilt til dei ikkje kan høyrast, men dei vanlegaste på saksofonen er trestrøken fiss, g, giss, a, b, h, og firstrøken c, ciss, d, ess, e og f. På tenorsaksofon kan ein òg gå nedanfor b (vesle b) ved å spela b og sette låret inntil slagstykket på instrumentet. Det vil då klinge a.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.