Tempera
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tempera er måling med emulsjonar som bindemiddel. Emulsjonar er blandingar av stoff som ikkje løyser seg i kvarandre, så som vatn og olje. Ordet tempera kjem frå latin temperare, som tyder 'blande i rett forhold'.
Temperamåling er brukt i måleri frå antikkens Hellas og i ikon frå Bysants. Den eldste temperamåinga er eggtemperaen, ein mager tempera utan tilsett olje. Frå 1400-talet vart det vanleg å tilsetje linolje i eggtemperaen. Eggeplomma verka da som ein emulgator som hjelpte til å blande vatn og olje.