Måling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Måling er ei generell nemning på fleire typar flytande produkt som vert nytta til å legge pigment på overflater. Måling består av bindemiddel, tynningsmiddel, fargestoff (pigment) og ymse tilsetningar.
- For det å måla eigenskapane til noko, sjå målevitskap.
Den viktigaste komponenten er bindemiddelet, som både skal binda målinga til underlaget, og binda saman pigmenta i målinga. Bindemiddelet er tørt eller tjuktflytande, og er difor tynna ut med ei væske som fordampar når målinga er smurd utover. Eigenskapane til bindemiddelet og tynningsvæska avgjer kva slags måling det er.