Emulsjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein emulsjon er ei blanding av to stoff som normalt ikkje let seg blande, som t.d. olje og vatn. Det eine stoffet er finfordelt som små dropar eller partiklar (dispergent fase) i det andre stoffet (kontinuerleg fase). Som regel må ein bruka eit tredje stoff, ein emulgator, for å halda partiklane finfordelt som ein stabil emulsjon.
Ein emulsjon av ei olje og vatn kan vera enten ein olje-i-vatn-emulsjon, der oljedropane er fordelte i ein kontinuerleg vassfase, eller ein vatn-i-olje-emulsjon der vassdropar er dispergerte i oljefasen. Til dømes er kremfløyte ein olje-i-vatn-emulsjon der feittpartiklane er emulgerte i vassfase, medan stivpiska krem er ein vatn-i-olje-emulsjon der vatn er finfordelt i ein kontinuerleg (stiv) feittfase.
Andre døme på emulsjonar er hudkrem, nokre typar måling, salve og såpe.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.