From Wikipedia, the free encyclopedia
Taifa (frå arabisk طائفة ṭā'ifa, fleirtal طوائف ṭawā'if, 'gruppe') er ei nemning brukt om dei ulike småkongedøma som herska i al-Andalus (muslimsk Iberia) på 1000-talet frå Córdoba-kalifatet braut saman til almoravidane erobra området seint på 1000-talet. Då Almoravidedynastiet braut saman gjenoppstod mange av taifaene, før dei blei gjenopptekne i Almohad-kalifatet. Dei bløma att då dette kalifatet fall, trass i konstant krigføring med kristne kongerike.[1] Splitting og kaos i denne perioden gav den muslimske posisjonen på halvøya ein varig knekk, og var ein av hovudfaktorane til at den kristne gjenerobringa, reconquista, lukkast.
Taifaene heldt same kulturelle nivå som Córdoba-kalifatet, med hoff der diktarar, vitskapsfolk og andr lærde kunne verka.[2] Derimot var dei militært svake. Dei var ofte nøydde til å betala tributt til dei kristne kongane, eller betala dei til å angripe rivalar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.