From Wikipedia, the free encyclopedia
Tai'an, (kinesisk skrift 泰安; pinyin Tài'ān) er eit byprefektur i den vestlege delen av provinsen Shandong i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 7 761 km² og hadde i kring 5,5 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Tai'an omfattar to distrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).
Nord for byen ligg det 1 545 moh høge fjellet Tai Shan. Fjellet, som er nemnt allereie i skriftene til Konfucius, vert rekna som eitt av dei fem mektige fjella for det daoistiske Kina. Toppen av Tai Shan skal vere den fjelltoppen i verda som får flest besøk.
Viktigaste tempelet er det daoistiske Daimiao-tempelanlegget.
Ein del av den store Qi-muren står att i verneverdig stand, og er oppført på Folkerepublikken Kina si liste over kulturminne. Det gjer også funnfeltet for Dawenkoukulturen. Dawenkoufeltet har vorte utgrave i 1959, 1974 og 1978, og er delt i tre sjikt. Berre det midtre sjiktet er Dawenkoukultur, ettersom det tidlegaste laget svarar til Beixinkulturen og det yngste laget er ein tidleg variant av Longshankulturen.
Under Vår- og haustannaltida og krigarrika-tida låg området dels under staten Qi, dels staten Lu.
Snøggtoget Beijing-Shanghai har stoppestad i Tai'an.
Kinas riksveg 104 går gjennom prefekturet. Han tek til i Beijing og går sørover via Dezhou, Jinan, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.