![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/32/Hjell-oversikt.arj.jpeg/640px-Hjell-oversikt.arj.jpeg&w=640&q=50)
Tørrfisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tørrfisk eller turrfisk er usalta fisk som er naturleg tørka av sol og vind på hjell, stundom tørka i eigne tørkeri. Å tørke mat er verdas eldste kjende konserveringsmetode, og tørka fisk er haldbar i årevis. Metoden er også billeg, det kan gjerast av fiskaren sjølv og gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking av fisk er kjend frå gammalt av i Noreg; ordet «torsk» kjem av det norrøne þorskr, som truleg har det germanske opphavet *þurs-, 'tørr'.[1]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/32/Hjell-oversikt.arj.jpeg/320px-Hjell-oversikt.arj.jpeg)
Det er for det meste torsk som blir brukt til tørrfisk, andre fiskeslag som til dømes sei, hyse, brosme og lange blir brukt i mindre grad. I løpet av hundreåra er det utvikla fleire variantar av tørrfisk, for eksempel boknafisk og (salta) klippfisk. Salting av fisk blei fyrst for alvor aktuelt på 1700-talet, då ein fekk tilgang til billeg salt frå Sør-Europa. Tørrfisk og klippfisk kan igjen vidareforedlast til lutefisk.
Tørrfisken er den vara Noreg har eksportert lengst, og er ved sida av råolje, naturgass og inntekter frå handelsflåten den samfunnsøkonomisk mest lønnsame eksportvara gjennom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka blir kalla klippfisk.