![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/36/Stockfish_in_Lofoten.jpg/640px-Stockfish_in_Lofoten.jpg&w=640&q=50)
Hjell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein hjell (norrønt hjallr) fiskehjell eller fiskehesje er eit røysverk, vanlegvis av tre, for utandørs tørking av fisk til tørrfisk. Hjell blir i dag brukt til tørking av torsk og sei i store kvanta. Andre typar ein har brukt å tørka er hyse, lange og brosme.[1]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/32/Hjell-oversikt.arj.jpeg/320px-Hjell-oversikt.arj.jpeg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/36/Stockfish_in_Lofoten.jpg/640px-Stockfish_in_Lofoten.jpg)
Det var tidlegare berre mogleg å henge opp fisken i vinterhalvåret, fordi det gjekk mark i han om sommaren. Det gode seifisket om sommaren var lenge vanskeleg å utnytte til det fulle, fordi det ikkje fanst effektive måtar å konservere seien på. Dette endra seg likevel i 1912, då den trekanta seihesja vart funnen opp av Jens Eriksen frå Bø i Vesterålen. Seihesja gjorde det mogleg å tørke sei også om sommaren. Konstruksjonen sørgde for at dei to halvdelane av tørrfisken vart haldne frå kvarandre, slik at marken ikkje fekk gode vekstvilkår. Hesjer blir også brukt til å tørke torsk om vinteren.