Sør-Ossetia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sør-Ossetia[lower-alpha 1] er ein de facto sjølvstendig republikk, som ikkje er anerkjend av nokre land eller internasjonale organisasjonar (SN, OSSE, EU osv.). Ein annan del av Sør-Ossetia er kontrollert av dei georgiske styresmaktene. Georgia ser ikkje på Sør-Ossetia som ein sjøvstendig instans, men i april 2007 oppretta den georgiske regjeringa ei mellombels administrativ eining[2] styrt av etniske ossetarar (tidlegare medlemmar av separatistregjeringa) som gjer at Tbilisi kan styre området via lokale leiarar og forhandle med dei ossetiske styresmaktene i eit forsøk på å løyse konflikten.[3] Sør-Ossetia var ein autonom oblast i Georgia då det var ein del av Sovjetunionen.
Sør-Ossetia | |||
sjølvstyrt område | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 3 900 km² | ||
Folketal | 53 532 (2015)[1] | ||
![]() Sør-Ossetia 42.225°N 43.97°E / 42.225; 43.97 | |||
Wikimedia Commons: South Ossetia | |||
Sør-Ossetia har eit areal på 3 900 km² og om lag 70 000 innbyggjarar, som er ei blanding av georgiarar og ossetarar (byane er omvekslande georgiske eller ossetiske utan klåre grenser). Den største byen, som fungerer som hovudstad i området, er Tskhinvali.