Dei sameinte nasjonane (avstytta SN eller FN (etter bokmål De forente nasjoner)) er ein internasjonal organisasjon som har som mål å få alle landa i verda til å samarbeida. Det er om lag 193 sjølvstendige anerkjende statar som er medlem av SN. Vatikanstaten og Palestina er ikkje medlem, men er observatørar.[2] I tillegg har organisasjonen ein stor administrasjonsstab som blir leidd av ein generalsekretær.

«SN» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå SN (fleirtyding).
Kjappe fakta
Lukk

Organisasjonen har ei generalforsamling der representantar frå alle medlemslanda sit. Tryggingsrådet er eit mindre organ med ein handfull land som har moglegheit til å handla raskare. Generalforsamlinga og administrasjonen til SN ligg i New York. SN har òg dotterorganisasjonar som konsentrer seg om ulike felt, som UNICEF (barn), UNESCO (kultur), WHO (helse), UNHCR (flyktningar) og UNHCHR (menneskerettar). Organisasjonen har seks offisielle språk; engelsk, fransk, spansk, russisk, arabisk og kinesisk (mandarin).

SN fekk Nobels fredspris for 2001.

Historie

SN er ein etterfølgjar av det eldre Folkeforbundet. SN blei til etter Den andre verdskrigen, på ein konferanse i San Francisco der femti statar var med. 24. oktober 1945 hadde dei fleste landa som var med ratifisert avtalen, og dette vert derfor rekna som grunnleggjingsdagen.

Namnet «United Nations» er likevel eldre. Det blei først foreslått av den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt og brukt i 1942 om landa som allierte seg mot aksemaktene under andre verdskrigen.

Galleri

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.