From Wikipedia, the free encyclopedia
Sykkylvsbladet er ei tidlegare norsk avis som vart utgjeven i Sykkylven i Møre og Romsdal med Frank Kjøde som redaktør. Dekningsområdet var primært Sykkylven kommune. Avisa kom ut to dagar i veka, onsdag og fredag, og hadde eit gjennomsnittleg sidetal på 20.
Sykkylvsbladet | |||
Type | Avis | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 1946 |
Fyrste utgåva av avisa kom ut 14. februar 1946, året etter at andre verdskrigen var over.[1] Siste utgåve kom ut 23. desember 2020, i samband med at den nye eigaren av avisa, Sunnmørsposten, slo henne saman med Sunnmøringen, lokalavisa for nabokommunen Stranda. Den nye, samanslåtte avisa kom ut under namnet Nyss frå 6. januar 2021.
Sykkylvsbladet vart i 1993 kåra til årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser.
50-årssoga til Sykkylvsbladet er skriven av Eldar Høidal i boka Lim og lupe i lokalsamfunnet: Sykkylvsbladet 1946–2005 (2005).
Utvikling i nettoopplag.[2]
År | Nettoopplag |
---|---|
2004 | 2 756 |
2005 | 2 792 |
2006 | 2 833 |
2007 | 2 937 |
2009 | 3 017 |
2010 | 3 026 |
2014 | 2 856 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.